Tolldagen blir arrangert i Oslo Kongressenter 23. november. Her skal Tolletaten saman med næringslivet diskutere korleis uforutsigbare tider skaper usikkerheit og set nye krav til korleis vi samhandlar. Korleis påverker dette norske aktørar som driv internasjonal handelsverksemd?
Målgruppa for konferansen er verksemder som jobbar med import og eksport av varer. I år er Sofie Høgestøl konfransier.
– Den internasjonale situasjonen påverker både Tolletaten og næringslivet. Vi må saman finne ut korleis vi skal håndtere dette, seier tolldirektør Øystein Børmer.
Foredragshaldarane vil ta oss gjennom mange aktuelle utfordringar, som til dømes korleis krigen kan og vil påverke norsk næringsliv, handelen over grensa med UCC, EU Custom Reform og grensetollsamarbeid, og digitaliseringsplanane til Tolletaten med Digitoll.
Vi har mange spennande foredragshaldarar som: finansminister Trygve Slagsvold Vedum, tolldirektør Øystein Børmer, avdelingsdirektør Juliana Baffoe i Utanriksdepartementet, hovudlærar Geir Hågen Karlsen ved Forsvarets høgskule, Hanne Blomberg i PST, Kari Due-Andresen, sjefsøkonom, Odin Johannessen direktør i Næringslivets sikkerheitsråd og divisjonsdirektør Jan Erik Ressem i Tolletaten.
Påmelding
Du kan delta på Tolldagen enten i Oslo Kongressenter eller følge direktesendinga.
Les meir om programmet og påmelding her
I pausane vil du kunne stille spørsmål til Tolletaten, Skatteetaten, Miljødirektoratet og Mattilsynet som står på stand.
Lurer du på noko om Digitoll?
Etter Tolldagen er dei som har spørsmål til Tolletaten sitt digitaliseringsprogram velkomne til å delta på møte frå klokka 15:30 til 16:30.
Kontakt
Media er velkomne til å delta på Tolldagen. For intervjuavtalar kontakt: [email protected] / +47 917 03 553.