Statistisk sentralbyrå, SSB, lagar statistikk over Noreg sin handel med utlandet. Statistikken byggjer på opplysningar som Tolletaten mottar på inn- og utførselsdeklarasjonane. Tolletaten sender opplysningane dagleg frå Tolletatens ekspedisjonssystem TVINN til SSB.
I Statistikkbanken kan journalistar, forskarar og andre som treng opplysningar om handelen med utlandet sjølv sette saman og hente ut opplysningar.
SSB har også ei bestillingsteneste der du kan bestille statistikk, kontakt: [email protected]. Tlf: 21 09 47 53
I Tolltariffen under «Statistisk oppgave» finn du nærare informasjon om mellom anna føremålet med statistikken.
For meir informasjon: www.ssb.no